Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2ebd_2.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Bildebrev frå april

Værdata frå Fureneset siste 30 døgn: Høyeste temperatur var 20,5 grader (23. april), og laveste var 0,6 grader (9. april). Samlet nedbør var 144,6 mm. Mest nedbør på ett døgn var 29,5 mm (18. april).

April månad. Månaden der sommaren og vinteren vanlegvis kjempar mot kvarandre, men der sommaren slo knockout på vinteren midtvegs. Vi hadde fantastisk påskevær der mange nytta dagane til båtliv i staden for på påskefjellet (1305 m.o.h) Men etter nokre dagar med godvêr kom den sedvanlege murringa frå bøndene. Kjem da ikkje regn snart? E da uår aldeles? For kaldt om natta, for varmt om dagen, for tidleg vår, for grønt lauv på trea, svalen flyg ikkje lågt nok, for lite luft i traktorhjula, for lite jul i lufta… Alltid noko å sette fingeren på, og det høyrer våren til.

Bygdas stoltheit, Fylkesveg 609, er i vinden desse dagane. Geologar hevdar vi har ein rasande farleg veg. Kanskje vi bør bygge RASteplass ved Hundsåna? Arctic Cowboys vinklar det annleis, noko du kan sjå i denne videoen.

Blegja © Foto: Steinar Bråstad
Blegja
Foto: Steinar Bråstad
Like flott som i mars. Denne gong er bildet tatt frå Nordsida av Førdefjorden

Stinn brakke på Førdefjorddagen
Stinn brakke på Førdefjorddagen
På Førdefjorddagen var det mykje folk på butikken. Her ser vi noko av køen i kassa. Vidare gjekk denne gjennom lageret, rundt vassbehandlingsanlegget og ut på Kvamsstorehogen. Folk fekk med andre ord handla til påskehelga og ein liten fjelltur. Til neste år må stien til Kvamsstorehogen ryddast, for enkelte sleit med å få handlevogna med seg.

Åsaholten
Åsaholten
Frå turen til Helselaget på Førdefjorddagen.

Båthamna © Foto: Steinar Bråstad
Båthamna
Foto: Steinar Bråstad
Båthamna begynner å fyllest opp. Knallstart på årets båtsesong.

Solnedgang
Solnedgang
Mange flotte solnedgangar i April, og sola skin alltid langs Førdefjorden.

Bygd for trivsel!
Bygd for trivsel!

Olav Aalen og båten Heimfjell
Olav Aalen og båten Heimfjell
På folkemunne vart denne båten kalla "Grisen". Dette er båten som Aalen konstruerte ein forløpar til sidepropellen på.
(Sist oppdatert 03.mai 2011, 11:20)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel