Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2ebd_2.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Tenk om det går bra, folkens...

…kan ein lese i Firda 13. mai 2011. Uttalen kjem frå Frida Melvær og gjaldt bergverksdrift på Engebø. Askvoll kommunestyre behandla reguleringsplan for Engebø og godkjende denne med 14 mot 9 røyster.

Tenk om dette ikkje går bra, har vore sagt mange gonger i samband med denne saka. Melvær valde å snu denne tanken. ”Tenk om det går bra”. Det er greitt det å ha ei slik innstilling. Litt usunnfjordsk, og ei haldning som gjer at ein kan få utvikling i samfunnet. Og bra vil det nok gå, for Nordic Mining, for Naustdal kommune og for Sunnfjordregionen elles. Ein kan vente ein kapitalflyt og eit tal arbeidsplassar som vil gagne området.

Men i ei så stor sak, med mulege konsekvensar for miljøet i fjorden miljø og lokal bukvalitet skal ein ikkje tenke at dette kan gå bra. Då skal ein vite det, i størst muleg grad. Konsekvensutgreiinga gjev svar på mykje men den har store manglar når det gjeld utgreiinga av fjorddeponi. Det er dette bygdene langs fjorden reagerer på. Når då tunge instansar som Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet leverer motsegner og desse ikkje vert hørde spør ein seg, kven skal ein tru på? Men, tenk om det går bra…

Det blir kanskje feil å nytte sitat frå Firda. Desse kan vere tatt ut av samanheng og ikkje representere den eigentlege meininga til folk, men ein ting til må kommenterast. Fleire kommunestyrerepresentantar var overraska over den korte avstanden frå Kvammen og Leknes til Engebøfjellet. Dette viser at beslutningsgrunnlaget kanskje var vel tynt. Synfaring same dag som ein skal stemme over saka var nok i seinaste laget. Ein ser at i både Naustdal og Askvoll seier politikarar med lokal tilknyting til prosjektet nei til reguleringsplanen. Dette går nødvendigvis ikkje på motstand mod bergverksdrift men at ein i større grad ser negative konsekvensar.

Sidan vi står føre kommuneval får ein oppfordre kommuneleiinga til å starte den nye perioden med å legge kommunestyremøter til ulike bygder i kommunen, gjerne i samband med ei synfaring. Så får dei folkevalde ei større forståing for lokale utfordringar. Som til dømes strandsoneproblematikk på øyane, skuleutfordringar i Stongfjorden og kanskje Førdefjordområdet etterkvart skjønar kva i alle dagar ein skal med bru over Dalsfjorden...

Her er ei samleng lenker som vedkjem prosjektet.
Bilder frå Askvoll kommune sitt informasjonsmøte på Gjelsvik skule.
Overraska over kort avstand
Klart ja til gruveavtale
Nytt ja til gruveplanane
Vil seie frå om kva dei meiner
Avtale mellom kommunane og Nordic Mining
Framlegg til tileggsavtale for Askvoll kommune
(Sist oppdatert 15.mai 2011, 14:12)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel