Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Bildebrev frå februar

Blegja © Foto: Liv Selvik Hawkes
Blegja
Foto: Liv Selvik Hawkes
Like fin som i januar, denne gongen er bildet tatt frå Liane.

Været som var
Været som var
Februar kunne by på spredte regnbyger avbrutt av store nedbørsmengder. Visste du forresten at nebbkvalen kan vere neddykka i over to timar...som om det skulle vere noko problem...


Værdata frå Tefre målestasjon i Førde

Gjennomsnittstemperatur -0,1°, mot normalt -2,5°
Samla nedbør 379 mm, mot normalt 150 mm.
Som normalt, men mot normalt, er det meir enn dobbelt så mykje nedbør som normalt. Er det normalt?

Februar månad er full av merkedagar, fleire med litt Amerikansk preg over seg. Valentinerdagen og morsdagen føyer seg inn i rekka av merkedagar som Handelsstanden begjærleg kastar seg over. Blomster, kaker, husvask og oppvartning høyrer til, og innimellom fungerer det berre som ein bekreftelse på at ein ikkje alltid strekk til. Men i det store og heile er det positivt med nokre dagar der vi skal vise litt ekstra merksemd til dei næraste.

Fastelavnsøndag derimot har eit eldre opphav. Fastelavn fell på 7. søndag før 1. påskedag. (1. påskedag er første søndag etter første fullmåne etter vårjevndøgn som er 20. mars, dette veit alle).

Til fastelavn knyter det seg mange, til dels eldgamle skikkar, som frå først av høyrde til ein heidensk vårfest. Skikkane spelar derfor på overgangen frå vinter til vår. Best bevart er fastelavnsriset, som vart brukt som ein fruktbarheitsvekkar. Det var dermed jord, tre, dyr og familiens kvinner som fikk seg ei runde med riset.
Andre skikkar var utkledning, våpenkampar, brenning av rituelle bål, og å spenne nakne jomfruer framfor plogen.

Nokon vil gjerne sakne slike ritual. Andre vil kanskje sei at verda trass alt går framover sidan ritual som dette har vorte lagt på hylla. Uansett vil styret i Førdefjorden vel vurdere om dette er aktuelle aktivitetar på Førdefjorddagen.

Etter eit kjapt søk på youtube etter songar om fastelavn fann eg denne danske perla.

22. februar er også ein merkedag for då gjekk varmesteinen i jorda. Eg finn ingen sangar om dette på youtube. Dagen er til minne om apostelen Peter. Peter var den første biskopen i Roma, han vart drepen under kristenforfølginga i år 64, og er begreven der Peterskyrkja ligg i dag. Ifølge legenda kasta Peter ein glødande stein i vatnet denne dagen for at vinteren skulle ta slutt, difor kallast dagen også ”Per varmestein”. Det heiter seg at tele og is no skal tine nedanfrå og isen på vatna er ikkje lenger trygg. Dersom det er sol denne dagen og det drypp så mye frå taket at ei høne kan drikke seg utørst, da blir det et godt år. "

Finlesing av værstatistikk viser at det fall 18,5 mm nedbør på Tefre denne dagen. Med andre ord fullt muleg for høna å stille tørsten…

Onsadgskafè © Foto: Liv Selvik Hawkes
Onsadgskafè
Foto: Liv Selvik Hawkes
Onsagskafèane er eit godt tiltak som er godt besøkt. Nyttar ein tibodet med serviceskyssen kan ein både få handla og verte køyrd heim.

Onsdagstreff © Foto: Liv Selvik Hawkes
Onsdagstreff
Foto: Liv Selvik Hawkes

Jubileum © Foto: Steinar Bråstad
Jubileum
Foto: Steinar Bråstad
Jonasklubben har feira 35 års jubileum med sang, musikk og godt oppmøte.

Jubileum © Foto: Steinar Bråstad
Jubileum
Foto: Steinar Bråstad

Skidag © Foto Liv Selvik Hawkes
Skidag
Foto Liv Selvik Hawkes
Laurdagen før morsdag gjekk deg tekstmeldingar bygda rundt der folk vart oppfordra til å ta med ski, akebrett og grillmat til ballbana på Høgda. Små og store tok utfordringa på stark arm og rundt 75 personar og 500 grillpølser stilte opp.

Skidag © Foto: Steinar Bråstad
Skidag
Foto: Steinar Bråstad

Skidag © Foto: Steinar Bråstad
Skidag
Foto: Steinar Bråstad

Skidag © Foto: Steinar Bråstad
Skidag
Foto: Steinar Bråstad

Skidag © Foto: Steinar Bråstad
Skidag
Foto: Steinar Bråstad

Skidag © Foto: Liv Selvik Hawkes
Skidag
Foto: Liv Selvik Hawkes

Skidag © Foto: Liv Selvik Hawkes
Skidag
Foto: Liv Selvik Hawkes

Kaizer
Kaizer
Det kan av og til vere interessant å vite kva sambygdingar gjer på i fritida. Kåre Leknes til dømes spelar orgel i Kaizer Orchestra...
(Sist oppdatert 06.mars 2012, 13:39)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel