Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Bildebrev frå juni

Blegja © Foto: Steinar Bråstad
Blegja
Foto: Steinar Bråstad
Like fin som i mai. Denne gong er bildet tatt frå tomtene til Stiftinga Høgdatun.

Værdata frå Tefre målestasjon i Førde

Været som var
Været som var
Gjennomsnittstemperatur 11,9° mot normalt 12,4°.
Samla nedbør 70 mm mot normalt 110 mm.

Juni månad 2012 går inn i historia som ein sommarmånad slik vi vil ha den. Flott sommarvær, rettnok litt kaldt i periodar, men rikeleg anledning til grillkos og bading for dei som synest 14 grader er godt nok. Månadens siste dag kunne by på like mykje nedbør som resten av månaden til saman. Dette var truleg for å markere at sikringsarbeidet ved Hundsåna er ferdig og for å teste om arbeidet er godt nok utført. Det blir spennande å sjå kva resultat 2 månader med vegstenging og venting langs denne vegstrekka vil gje. Eg reknar med at det framleis vil rase frå innimellom, men forventar stor betring i forhold til korleis vi har hatt det siste åra.

Etter fjorårets slåttevær, der bøndene måtte ha dykkarsertifikat for å få graset i hus, har det denne sommaren vore langt enklare. Enkelte stader i bygda kunne ein hauste ferdig tørrhøy på rot. Andre stader kunne ein observere bønder som hadde tid til å slå av ein prat, i tillegg til gras, i det som vanlegvis er ei travel slåttonn. Eg reknar med at dette ikkje er noko vi kan gjere til ein vane, men det er godt å ha det på denne måten frå tid til annan.

Draumestipendet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Formålet er å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. I 2012 var Anne Marie Russøy nominert frå Askvoll kommune, og ho stod att som ein av hundre stipendvinnarar på landsbasis, fem av dei frå Sogn og Fjordane. Ein lyt gratulere Anne Marie med eit vel fortent draumestipend! Det er vel verdt å låne eit øyre til lenkene under der ein kan høyre Anne Marie sin musikk tilbake frå tida på musikkskulen i Gjelsvika og fram til i dag. Svært bra!


Pushed away
Turkish delight
Comfort zone

Svanesang © Foto: Venke Nordeide
Svanesang
Foto: Venke Nordeide
Eit svanepar har busett seg i båthamna denne sommaren. Dei poserer villig for fotografen.

Svanedannande © Foto: Steinar Bråstad
Svanedannande
Foto: Steinar Bråstad

Svaner på nært hald © Foto: Hilde Gunn Bråstad
Svaner på nært hald
Foto: Hilde Gunn Bråstad

Jonsokbål i Båthamna © Foto: Hilde Gunn Bråstad
Jonsokbål i Båthamna
Foto: Hilde Gunn Bråstad

Jonsokafta i båthamna © Foto: Hilde Gunn Bråstad
Jonsokafta i båthamna
Foto: Hilde Gunn Bråstad

Brannskada pølser...
Brannskada pølser...
...og svartsvidd marshmallow. Grillmat er godt!

Grillfest med søndagsskulen
Grillfest med søndagsskulen
Søndagsskuleåret vart avslutta med grillfest på Leknesstranda første helga i juni. Kjekk dag i triveleg lag der vi mellom anna fekk høyre flott song.

Griillfest på skulen.
Griillfest på skulen.
Skulen og barnehagen har felles grillfest for å markere avslutninga av skuleåret. På plakaten stod det grillmat, vind og regn. Då det var tid for program rømde vi i hus. Her ser vi dei nye 1. klassingane som får med seg kvar sin perm med teikningar og ulike kunstverk dei har laga i løpet av barnehagetida.

Stiftininga Høgdatun © Foto: Steinar Bråstad
Stiftininga Høgdatun
Foto: Steinar Bråstad
Flott utsikt frå tomtene til Høgdatun. Det er framleis muleg å gje ei gåve til dette prosjektet på kontoummer 3740.14.01920

Solnedgang © Foto: Hilde Gunn Bråstad
Solnedgang
Foto: Hilde Gunn Bråstad

Helselagstur Flokeneset rundt.
Helselagstur Flokeneset rundt.

Storkjøkken © Foto: Steinar Bråstad
Storkjøkken
Foto: Steinar Bråstad
Folk flest er i feriemodus men styret i Allaktivitetshuset har gløymt å sjå på kalenderen og held fram med dugnadsarbeid som om det var midtvinters. Kjøkkenet nærmar seg ferdigstilling, i hovudsak grunna eit par eldsjeler og tilfeldige forbipasserande som vert trua med å bli piska med ei grillpølse viss dei ikkje tek i eit tak.

Storkjøkken © Foto: Steinar Bråstad
Storkjøkken
Foto: Steinar Bråstad
Det som gjenstår er i hovudsak flisespikkeri...

Storkjøkken © Foto: Steinar Bråstad
Storkjøkken
Foto: Steinar Bråstad
...og då er det på tide å trappe ned.
(Sist oppdatert 03.juli 2012, 18:45)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel