Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

17. mai avis 2015

Kjære sambygdingar, til lukke med dagen.

Det er tid for eit av vårens vakraste eventyr, 17. Mai avisa. Ei av få aviser som framleis kan lesast utan krav om abonnement, ingen pluss variant som kostar ein liten tusenlapp i månaden, og ingen krav om at innhaldet skal vere meiningsfylt. Dette blir bra.

For eit snautt år sidan fekk vi kunstgras på skulen. Eviggrønt som eit juletre frå Europris, og evigvarande så sant ein steller det godt og brukar passelig mengde med kunstgjødsel. Og det er jo ingen kunst. Bruken av bana har tatt seg opp, og mykje av fotballen som vert vist er til liks med graset, å rekne for kunst. Ein skal ikkje strø rutil i såret til Vevringbygda desse dagane, men kanskje kunne vi lure til oss tittelen som kunstbygd?

Viss kommunalminister Jan Tore Sanner børstar støvet av gamle kommunegrenser vil han sjå at delar av denne bygda segla under same kommunale flagg som Vevring for drygt 50 år sidan. Og snart skal vi foreinast igjen gjennom ei fleire hundre meter høg slamfylling der vi kan gå hand i hand over Førdefjorden, medan kapital og utbytte er forbeholdt sushi-etande børshaiar. Så får tida vise om dei vågar å sette tenna i laks frå Dyvika.

Men ein kommune beståande av Kvammen og Vevring vert sjølvsagt for liten. Sjølv Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund sitt alternativ er i HAFS-nød. Kanskje Hyllestad, Ulsteinvik, Flora og Førde kunne lansere HUFF? Eller kva med Hyllestad, Jølster, Eid, Leikanger og Porsanger. HJELP kan vere eit passande uttrykk å ty til.

Firda har vorte lansert som eit godt namn på ein storkommune i Sunnfjord. Kva med Frida? Askvoll kommune er på opptur og Frida har stø kurs. Viss ikkje ein er einig i kursen får ein heller velje Gunnar. Gunnar er ikkje noko godt namn på ein storkommune. Men det kan fort verte eit godt namn på ein ordførar. Venstre har solid fotfeste i delar av kommunen fordi dei faktisk har fokus på dei nære småting. Som tunnel ved Hundsåna, bru til Atløy, gul midtstripe langs Eidsfjorden. Smådetaljar som vil forbetre kvardagen til innbyggjarane og som ikkje kostar meir enn ein skipstunnel ved Stadt.

"No er eg klar!" sa Gunnar på framsida av Firda for nokre veker sidan. Journalisten gløymde å ta med det han sa vidare: skal berre nett køyre kveldsruta til Førde, stelle sauene og ha eit styremøte i Kvammen Handel, so kjem eg.

Meir om Kvammen Handel. Dette er noko bygda har teke på alvor. Etter å ha bladd opp ein liten million i aksjekapital er bygdefolket så sugne på å få aksjeutbytte at vi handlar over alle støvelskaft. Dei tilsette, med Lillian i spissen har gjort ein god jobb, og for å imøtekomme alle tenkelige krav frå HMS, EØS, FRP og KGB utvidar dei stadig bemanninga og har fått eit fleirspråklig alibi i Hubert.

Hubert har midlertidig lagt prosjektet om tømme den fiskerike Førdefjorden på eiga hand på hylla, på grunn av tidsklemma. Ein dag i vinter leverte eg ein unge i barnehagen, Hubert tok imot. Eg såg etter at skuleungane hadde kome seg på SFO, Hubert var der og. Reiste rett på butikken og handla og der satt Hubert i kassen. Då eg køyrde heim att fekk eg ein SMS. Sigurd har gløymt matteboka, helsing Hubert. Eg er imponert.

Førdefjorden Vel har fått ny leiar. Pierre Unemo har teke på seg vervet. Pierre er ein engasjert og dyktig mann, men han er jo svensk... Valnemnda har alltid hatt fokus på lokal geografisk fordeling når det gjeld samansetting av styret, men her syns eg dei har bomma. Vi har altså Pierre frå Sverige, Tove frå Førde, Bente frå Kristiansand. Og så har vi Bjarte. Han er på sjøen heile tida, så han er meir eller mindre å rekne for statslaus. Kor er det lokale alibiet? Då er det godt å kunne lene seg på sistemann i styret, frå Solbakken, Hubert Schlachtmeier. Vi hyller denne allsidige tusenkunstnaren med ei omskriving av Joker sitt slagord: Hubert - helt i nærheten.

Meir om slagord. I barnehagen slit dei med bemanningsproblem grunna ein babyboom verden ikkje har sett maken til sidan Kina oppheva eittbarnspolitikken i 2013. Dei tilsette vert gravide, og vikarane likeså. Foreløpig har det ikkje vore noko problem med vikarane til vikarane, Helene og Turid. Med kvar si hundreprosent stilling som vikar held dei barnehagen i gang.

Grunnen til denne babyboomen finn ein truleg i ei samansetjing av lokale slagord. Førdefjorden vel sitt "Bygd for trivsel" og Askvoll kommune sitt "Rom for eventyr" kombinert med Aksjonsgruppa for tunnel ved Hundsåna sitt "Vi vil ha hol" har truleg vorte for mykje av det gode. Ein treng ikkje ta alt så bokstaveleg. Og viss ein absolutt må gjere det, kva med å låne eit øyre til Trygg trafikk sitt "Senk farten"?

Konfirmasjonsgåver har vore eit tema i media i det siste. Desse blir større og større for kvart år, litt sånn som sjølvbildet til Jonas Gahr Støre, og snart konkurrerer konfirmasjonsgåvene med leiarlønningane i Statoil. Håkon og Harald Nymoen Selvik valde å omsette desse gåvene til båt. Foreløpig har ikkje dette gjeve noko anna avkasting enn ei framside i Firda. Men vær sikker på at ingen fisk, verken raudlista pigghå eller svartelista makrell, skal føle seg trygg når desse karane legg frå kai straks skuleåret er ferdig. Pågangsmotet imponerer og lukke til på ferda. Hugs at det ikkje er gullfisk alt som glimrar

Vi kan ikkje berre ete fisk. Då får vi skjørbuk og gjeller og det som verre er. Då er det godt at bøndene i bygda har latt seg rive med av Sylvi Listhaug sine fagre lovnader og sjarmerande framtoning. Karl Andre er ferdig og Harald er undervegs med kvar sin store driftsbygning og eg må innrømme at eg syns det ser bra ut. Produksjonen går til himmels og stikkorda er automatisk mjølking, fôring og reinhald. Då skulle ein tru ein fekk ein masse ledig tid til å gjere ingenting, men kvar gong eg ser Karl Andre spring han frå arbeidsoppgåve til arbeidsoppgåve slik han alltid har gjort. Konklusjonen er at det er berre sånn han er.

Dyrevelferden er svært god i det moderne landbruket. Ein bonde, eg skal ikkje sei kven men det er han som bygg fjøs inni Åla, ville tilby kyrne litt ekstra pleie i byte mot meir mjølk. Han bestilte klauvskjæring, det er vel det ein kallar manikyr. For å sei det litt pent fall ikkje dette i smak hos alle. Ei la på sprang, og alle velmeinte forsøk på å få ho i fjøs igjen vart bryskt avvist av 600 kg stadig sintare ku. Eg må sei rømningsforsøket var heller dårlig planlagd for ho la kursen mot Leknes. Ein kan sei mykje fint om Leknes, men noko god fluktrute er det ikkje all den tid det er blindveg.

Ei stund vart det vurdert å kalle inn fellingslaget som vart brukt i ulvejakta i Naustdal. Ideen vart forkasta for ein hadde ikkje fått inn løyve til kujakt frå grunneigarane, og jaktlaget består trass alt berre av troféjegarar som ynskjer ei utstoppa ku i stova. Dessutan var ein ikkje interessert i at media skulle ta tak i dette. Men 17. mai avisa slepp ein ikkje unna. For å gjere ein lang historie kort så beiter kua no på dei evige grasmarker. Med nyskorne klauver. Moralen er: Graset er ikkje alltid grønare på andre sida av bekken og ein skal ikkje selje skinnet før kua er skutt. Og no eg 17. mai avisa slutt.

God sommar!
(Sist oppdatert 20.mai 2015, 08:46)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel