Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå juli

Blegja
Blegja
Like fin som i juni. Denne gong er bildet tatt midt i ein makrelstim på Gjelsvika

Værdata frå Tefre målestasjon i Førde

Været som var.
Været som var.

Gjennomsnittstemperatur 13,9° mot normalt 13,5°.
Samla nedbør 148 mm mot normalt 125 mm.

Ikkje noko å skryte av, men heilt normalt. Dette viser berre at vi ikkje kan vente betre vær, vi kan berre drøyme om det. Uansett, månadsskiftet juli/august er haustetid der naturen sitt gigantiske spiskammers kan by på frukt, bær og grønsaker i mange variantar. Klimaet vårt set sjølvsagt avgrensingar på kva vi kan dyrke så langt nord på jordkula, men faktum er at ein kort og kjølig vekstsesong men jamn tilførsel av nedbør er med på å setje ekstra smak på frukt og grønt.

Stadig nedbør (ikkje nødvendigvis kvar dag) er også med på å gjere vestlandet så grønt og frodig. Les ein værstatistikk for land rundt middelhavet ser vi temperaturar like oppheta som gresk økonomi, og ingen dagar med nedbør juli og august. Kjekt å reise på ferie i til, men slitsamt å bu i eit så karrig landskap.

Langs Førdefjorden har vi mange flotte fjelltoppar det kan vere verdt å ta besøke. Sjølv korte turar til Åsaholten og Dyrehovden er flotte utsiktspunkt og skulle ein ynskje ei skikkeleg utfordring ligg Blegja tolmodig å ventar på deg. Helselaget presenterer lokale turmuligheiter på ein god måte med lette tirsdagsturar for heile familien, og litt meir krevjande onsdagsturar gjennom sommarsesongen. Dette er eit flott tiltak som både er sosialt og viser oss trimturar vi gjerne ikkje har gått før.

I tillegg har Askvoll og Holmedal Idrettslag (trur eg) kvart år ein ”Fjelltrim” der 5 utvalde fjelltoppar er med. På desse toppane ligg det bøker ein kan skrive seg inn i, og ein får poeng alt etter kor krevjande turen er. Toppane rullerer kvart sjuande år og i år er det Høgefjellet som er med frå vårt område. Høgefjellet er 656 moh og lettaste ruta er å gå frå Rørvika, via Ålastølen, Bjønnastigen og vestover mot høgste punktet. Dette er ein flott tur som ein gjerne ikkje går til vanleg. Bøkene ligg ute til 10. oktober då nye fjelltoppar og nye bøker vert lagt ut.

For ein god presentasjon av fjellturar i området er bloggen til Gustav Skaar nyttig. Gustav har gjort det til ein vane at turen heim frå jobb inneheld ein fjelltopp. Då er det ikkje så rart at nokre syns det er langt å dagpendle til Førde når ein skal ein liten tur oppom Blegja før ein set seg til middagsbordet. Gustav er også ein dyktig fotograf så ta deg tid til å sjå gjennom bileta frå dei ulike turane.

Nokre snarvegar til blogg og bilder frå lokale toppar:
- Blegja
- Høgefjellet
- Eitrenipa


Fjell kan også vere til besvær. I Stongfjorden rasa det i slutten av juli. Ut frå buldringa å døme kunne det verke som om både Toreheia og solsidevegen kom ramlande. Det var rettnok ei betydeleg mengde stein som kom ned fjellsida, men ingen skade skjedde verken på hus eller folk. Endeleg kom grana i Sunnfjord til nytte for raset blei delvis stoppa av eit plantefelt. Vi bur i eit rasutsett område men i dette høvet kom ein heldig frå det.

Med utgangspunkt i naturmangfaldlova krev miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen rasmassane flytta tilbake til si opphavlege plassering då tiltaket ikkje var omsøkt, og kjem i konflikt med gytande padder og hekkande bæremeis.

I området innanfor Blegja gjekk eit turfølgje seg vill i skodda i slutten av juli. Dei gjorde det einaste rette, ringde etter hjelp og venta på hjelpemannskap. Høgfjellet er ikkje å spøke med. Skodde kan forvirre sjølv den mest lokalkjende. Sjølv midt på sommaren kan det verte låge temperaturar så det er viktig å ha med både mat å klede til uføresette situasjonar.

Fjellheimen ligg der. I det vi går inn i august og ein kan kjenne eit drag av haust i lufta er det godt å nytte godvær på fridagar (dette skjer ikkje så ofte) til ein tur på fjellet. Ta med ei bøtte som du kan fylle med blåbær eller molter, kanskje ei fiskestang og dra litt aure som krøllar seg fint i steikepanner. Eller aller best, ta med kamera og send bilder frå turen til tormselv@online så vert dei med i neste bildebrev.

Fellesferie i båthamna, 14 grader i sjøen. © Foto: Steinar Bråstad
Fellesferie i båthamna, 14 grader i sjøen.
Foto: Steinar Bråstad

Prowess © Foto: Steinar Bråstad
Prowess
Foto: Steinar Bråstad
Attgroing av kulturlandskapet.

Byggefelt © Foto: Steinar Bråstad
Byggefelt
Foto: Steinar Bråstad
Ein gong langt fram i tid, når isen på polpunkta har smelta og Ari Behn er konge i Norge, skal Askvoll kommune legge ut nye tomter i byggefeltet. Vi nyter utsikten mens vi ventar.

Rasområdet innanfor Hundsåna © Foto: Steinar Bråstad
Rasområdet innanfor Hundsåna
Foto: Steinar Bråstad
Frå nordsida av Førdfjorden har ein god oversikt over kvar det har rasa dei siste åra.

Forhaustar i solnedgang.
Forhaustar i solnedgang.
(Sist oppdatert 09.august 2012, 18:46)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel