Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Er du interessert i å lære førstehjelp og kanskje bli med i Askvoll Røde Kors sitt Hjelpekorps?

Askvoll Røde kors er no i gang med å rekruttere nye medlemmar og fleire aktive til Hjelpekorpset.
Hjelpekorpset er ei avdeling av Askvoll Røde Kors og vart starta i 1978. Som dei fleste frivillige lag har vi hatt både opp- og nedturar.

For tida har vi ikkje eit operativt hjelpekorps, men dette er vi i gang med å bygge opp att. Vi treng derfor fleire frivillige som kan ta grunnopplæring i førstehjelp. Dette er eit krav for at vi kan rykke ut ved leiteaksjonar, søk på land og sjø, og ved katastrofar. Kravet er at vi må ha godkjent utdanning for å være kollektivt forsikra ved aksjonar.

Tysdag 21 august kl. 19.00 vert det informasjons/orienteringsmøte på STORSTOVA på Askvollheimen.
Her kjem Stian Antonsen , som er leiar for hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane . Han informerer om grunnopplæringa og viser lysbilete frå Hjelpekorpsøvingar på Nesholmen.

Onar Osland, vil gje opplæring i førstehjelp.Han har vore aktiv hjelpekorpsar og er no ambulansearbeidar.
Kan dette vere noko for deg? Kom og bli med, det er ikkje bindande på nokon måte. All opplæring er gratis. Askvoll Røde Kors arrangerer 30 timars førstehjelpskurs over to helgar i sept/oktober. Desse kursa vil bli lagde til Askvoll.

ASKVOLL RØDE KORS
(Sist oppdatert 10.august 2012, 08:29)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel