Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå september.

Blegja © Foto: Hilde Gunn Bråstad
Blegja
Foto: Hilde Gunn Bråstad
Like fin som i august.

Været som var
Været som var
Værdata frå Tefre målestasjon i Førde.
Gjennomsnittstemperatur 8,4° mot normalt 9,4°.
Samla nedbør 405 mm mot normalt 265 mm.

Hugnad for dugnad.
Buset ein seg utanfor kommunesenter og bynære områder er det i mange tilfeller opp til bygdefolket å utvikle lokalområdet. Sjølvsagt står kommunen for opparbeiding og drift av ulike basisoppgåver, men i det store og det heile er det i mange tilfeller opp til oss sjølve å bidra med arbeidskraft etter beste evne, eller kjøpe lodd så det svir på ein basar dersom vi ønskjer at det skal skje noko utover dette.

Definisjonen på dugnad er, i følgje Wikipedia, ”eit felles utført og vanlegvis ulønna og frivillig arbeid av betyding for fellesskapet eller ein enkeltperson. Dugnader utførast vanlegvis i et lokalsamfunn (med Steinar Bråstad som arbeidsleiar).” Faktisk vart Dugnad kåra til Noregs nasjonalord i 2004.

Her i bygda er det til ein kvar tid dugnadsprosjekt der ein har muligheiten til å ause av si utømmelege arbeidskraft. Det kan være alt frå nokre timar med vaffelsteiking/eting i barnehagen, til prosjekt som går på døgnbasis med tre skift som til dømes på allhuset. Oppmøtet varierer i takt med lengda på prosjekta ,og strekker det seg over meir enn to veker er det berre Trond og Steinar som står att.

Sjølvsagt aukar oppmøte viss ein ”oppfordrar” folk til å komme ved hjelp av balltre og ikkje berre ein hyggeleg sms. Men dugnadsbasert arbeid har såpass mange positive sider ved seg at det burde lokke dei fleste til å droppe middagskvil til fordel for ulønna arbeid.

Til dømes førre fredag suste det tekstmeldingar bygda rundt om at det skulle vere dugnad dagen etter på Stiftinga Høgdatun sine hus som er under bygging. På programmet sto legging av isopor, noko sjølv dei med 10 tommeltottar og 20 stortær klarer. Ni vaksne, tre ungar og til og med sola dukka opp til tross for dystre værmeldingar. Vi hadde ei triveleg stund der vi arbeidde og prata om ein annan. Vel halvvegs ut i økta vart vi kommandert til bords av Steinar som serverte kaffi og eplekake som Ann Karin hadde laga. Dugnad det også.

Alt i alt var dette ein triveleg dag og vi kom i mål med isoporen utan å få varige mein. Bygda er eit (lite) steg nærare sårt tiltrengte utleigebustader. For dei med mange ballar i lufta er det muleg å ”få seg litt dugnad” (Går det an å sei det?) dei fleste helgene i året. Og det er på denne måten små lokalsamfunn som Kvammen vert utvikla.


For å konkludere så kan ein sjå på kva ein har fått til i bygda siste åra, der arbeidet er basert på dugnad: Leirduebana, badeplass ved Øyravatnet, ballbaner, Allhuset og båthamna i Kvammen. Så er spørsmålet, skulle rådhuset i Førde vore bygd her, ville det då vore gjort på dugnad?

Dugnad © Foto: Steinar Bråstad
Dugnad
Foto: Steinar Bråstad
I løpet av hektiske dagar første del av september vart kjøkkenet på Allhuset gjort ferdig. Dette bildet er truleg teke kvelden før kjøkkenet var teke i brk.

Dugnad © Foto: Steinar Bråstad
Dugnad
Foto: Steinar Bråstad
På veg mot målet.

Dugnad © Foto: Steinar Bråstad
Dugnad
Foto: Steinar Bråstad
Testing av gasskomfyr.

Dugnad © Foto: Steinar Bråstad
Dugnad
Foto: Steinar Bråstad
Klar til bruk til kvardags...

Dugnad
Dugnad
...og til fest

Dugnad © Foto: Steinar Bråstad
Dugnad
Foto: Steinar Bråstad
Sjølv om Naustdal Bygg står for bygging av Høgdatun er det budsjettert med litt dugnadsinnsats på dette prosjektet også.

Dugnad
Dugnad
Folk er så opptatt med å arbeide at alle snur ryggen til fotografen. Blegja i bakgrunnen forresten

Dugnad © Foto: Steinar Bråstad
Dugnad
Foto: Steinar Bråstad
Dette ser då kjekt ut?

Dugnad? © Foto: Hilde Gunn Bråstad
Dugnad?
Foto: Hilde Gunn Bråstad
Ser ikkje ut til at det er dugnad i båthamna denne dagen. Fint bilde!

Dugnad
Dugnad
Denne gong i barnehagen, sjølvsagt utført av barnehageborn. Amnesty Internasjonal er på saka.
(Sist oppdatert 05.oktober 2012, 08:43)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel