Førdefjorden Vel

Nyhende

Bildebrev frå januar

Blegja © Foto: Gustav Skaar
Blegja
Foto: Gustav Skaar
Ein stor takk til han som bidreg med bilder av Blegja desse siste månadane, Gustav Skaar. Denne gong frå toppen av Stordalsfjellet.

Værdata frå Tefre målestasjon i Førde.
Gjennomsnittstemperatur -3,6° mot normalt -2,3°.
Samla nedbør 179 mm mot normalt 212 mm.

I samband med kommunen sitt arealplanarbeid kom eg over ein artig sak her om dagen. På direktoratet for Naturforvaltning sin Naturbase finn ein oversikt over meir eller mindre verneverdige biologiske og geologiske fenomen.

Eit kartutsnitt over Kvammenområdet viser at vi har litt av kvart å slå i bordet med. Fenomen vi verken viste vi hadde eller trengde, og som vi ikkje har den ringaste aning om korleis vi skal nytte.

Først ut er eit slåtteområde i Gjelsvika som har svært stort utval av naturengartar. Etter å ha finlese artslista kan eg som agronom fastslå at det i all hovudsak er snakk om ugras. I tillegg står det at området er omkransa av grovvaksen osp, bjørk og svartor. Vi snakkar då om ein areal som representerer over halvparten av slåtteteigane i Askvoll, dominert av ugras og med lauvskog som er i ferd med å ta overhand. Avslutningsvis står det i beskrivinga av arealet: ” Fortsatt gjødsling vil imidlertid føre til en gradvis utarming av artsmangfoldet, og frarådes” Lenge leve Askvolljordbruket….

Vidare er den sjeldne planta Hinnebregne funne ved Rumpeelva. Hinnebregna veks helst i kystnære, solfattige og fuktige områder. I og for seg ei grei beskriving av Selvika. Ein finn den langs heile Vestlandskysten så direkte utrydningstrua er den nok ikkje. Når veksemåten vert beskrive som krypande og dekkande går tankane igjen til ugras. Men altså, verneverdig ugras.

Til slutt, rosina i kransekaka eller toppen av pølsa, eit nær 200 dekar stort sjøområde mellom Ålaneset og Lauvika som etter sigande består av israndavstningar. Israndavsetningar oppsto ved avslutning av istida og består av lag på lag med grus, sand eller leire.

Eg vil påstå slam er ei betre beskriving av massen på havbotnen i dette området. Kloakkslam. På terskelen av den Nasjonale Laksefjorden vert det dagleg pumpa kubikk på kubikk med ureinsa kloakk ut i Ålesundet. Iblanda det som ved eit uhell hamnar i klosettskåla, som bleier, bananskal, bilnøklar og kanskje ei høne eller to. Toppa med ein overdose taco kvar fredag vert det såpass ullen vare at sjølv toppleiinga i Nordic Mining syns det får vere på kva ein slepp ut i Førdefjorden.

Kanskje det er dette som er beskrivinga på varig vern? For eg kan garantere at israndavsetningane vert liggande trygt der dei ligg i dag. Under 25 meter med mannskit.

Høgdatun © Foto: Steinar Bråstad
Høgdatun
Foto: Steinar Bråstad

Informasjonsmøte © Foto: Steinar Bråstad
Informasjonsmøte
Foto: Steinar Bråstad
Godt oppmøte på kommunen sitt informasjonsmøte om arealdelen i kommuneplanen.
(Sist oppdatert 09.februar 2013, 23:00)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel