Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

FIBER-breiband - meld di interesse

Med bakgrunn i ønskje fra personar og næringsdrivande i området kartlegg Førdefjorden Velforeining i desse dagar moglegheitene for å få til ei fiberutbygging i området (Stavestrand til Hestvik). Statlege tilskot kan bli tildelt etter søknad frå kommunen, og for at prosjektet skal kunne bli ein realitet er ein avhengig av at det er ei brei interesse for tilbodet.

KVA ER FIBER?
Ein fiberoptisk kabel formidlar lyssignal i staden for straumpulsar. Dette gjev enorm hastigheit og kapasitet, samanlikna med tradisjonelle kablar som tidlegare har vore nytte til telefon- og kabel-TV-signal. Og driftssikkerheita er mykje betre. I framtida vil det meste av informasjonsformidling gå via fiberoptisk kabel. Nye tenester vil dukke opp, og skaffar du deg fiber no, er du førebudd for uendeleg mange år framover, og du kan glede deg over alle nye tenester som måtte komme. Gjennom ei linje kan du ha:
 Superraskt internett. Fks. streamingtjenester i beste bildekvalitet og at fleire er på nett samtidig er ikkje lenger noko problem
 Digital TV med mykje fleire moglegheiter enn tradisjonell tv. Fks. «Get box»

KVA TRENG VI FRÅ DEG?
Førdefjorden Velforeining skal lage ei liste over kven som ønsker å koble seg på fiber dersom det blir utbygging. Vi treng mange på ei slik liste for å kunne få til ei utbygging. Dersom det er stor interesse berre i delar av området kan det bli aktuelt med utbygging som begrensar seg til det området.
Staten vil då forhåpentleg gi støtte til store delar av utbyggingskostnaden. Utanom dette er det eigenandel frå kvar enkelt husstand. Desse kostnadane vil ein få uansett kvar ein bur. I Førde og andre plasser har dei betalt mellom 5-10 000 kroner for å koble seg til fibernettet. Difor er det realistisk at det blir ein egenandel på inntil 10 000 kroner også for oss her i området. Det vil likevel vere mykje meir lønnsomt å koble seg på no, enn etter at felles-utbygginga er gjort. Utover dette er det tilbydarens abonnementprisar som gjeld. Det er som regel ikkje mykje dyrare med eit fiberabonnement enn eit ADSL-abonnement.
Det er no toget går for å få statlege tilskot til slik utbygging. Vi treng di tilbakemelding.

Dersom DU ønskjer å få fiber så send sms til Andreas, 917 75 336 med ditt namn , gards og bruksnr.

Då leggast dette til grunn for søknaden som Askvoll kommune tek vidare, saman med eit kostnadsoverslag som Enivest har sagt seg villige til å utarbeide. Vi kan ikkje pr. no seie noko sikkert om det vil bli utbygging og evt om alle vil kunne få tilbodet. Om du har spørsmål før du bestemmer deg so ring gjerne Andreas på nummeret over, eller send til andreas@proresult.no
Det er inga binding med å stå på lista! Vi treng svar snarast råd, og har sett ein svarfrist til 13. mars!

Med helsing Førdefjorden Velforeining
(Sist oppdatert 13.februar 2015, 09:15)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel