Førdefjorden Vel

Nyhende

Tomter til 1 krone.

Ikkje la det bli med tomt prat, bygg hus på Høgda!

Askvoll kommune sel tomter på Høgda til ei krone. Tilbodet varer ut året og det er framleis attraktive tomter ledige. Firda hadde nyleg oppslag om Kristen Hawkes og Bente Lund som har tatt køyreturen frå Bergen for å bygge hus i området. Godt tiltak, og vi håpar fleire følger etter.


Jokerbutikken
Grunnar til å busetje seg her:

- Tomtene ligg skjerma frå trafikk
- Solrike tomter med god utsikt.
- Nærhet til butikk, skule, barnehage, o.l
- Førde har vokse fram som eit regionssenter, og ligg 30 km unna
- Tomtepris på 1 krone



Tenester og tilbod i området:

Offentlege:
- Gjelsvik skule
- Gjelsvik barnehage
- SFO

For barn og unge:
- Musikkverkstad
- Danseverkstad
- Idrettsskule
- 4H
- Idrettslag med aldersbestemte fotballag
- Søndagsskule
- Jonasklubb
- Bygdekino

For ungdom/vaksne
- Volleyballtrening
- Stepptrening
- Organiserte fjellturar


Andre tilbod og tenester:
- Butikk med daglegvarer, post i butikk, drivstoff, tipping og utkøyring av varer til dei som treng det.
- Småbåthamn der du kan leige eller eige båtplass
- Fotballbane, sandvolleyballbane
- Grendahus i Flokenes med tilhøyrande leikeplass
- Allhus på Høgda med tilhøyrande leikeplass

Høgda
Høgda
Til venstre på bildet ligg tomtene som Askvoll kommune sel for 1 krone i 2009. Midt på bildet ligg det nærbutikk med fotballbane og sandvollyballbane rundt.


Informasjon om kronestomter i Askvoll kommune

Jakta på det gode liv startar her!

(Sist oppdatert 04.februar 2009, 10:53)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel