Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2ebd_2.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årets Førdefjording 2012

Førdefjorden vel har teke initiativ til å kåre Årets Førdefjording. Dette er meint å vere ei annerkjenning til dei som legg ned mykje frivilleg arbeid til bygda sitt beste. Motivasjonen til dette arbeidet kan vere ulik, men utvikling av fellesgoder ser ut til å vere ein viktig faktor.

Vi har ei rekkje personar som fortener ei slik utmerking. Det meste av aktiviteten som skjer i bygda er basert på dugnad, som forøvrig er Norges nasjonalord. Vi kan nemne ulike treningstilbod som step, zumba, organisert aktivitet for barn og helselaget sine familieturar. Vi har store anlegg som båthamna, leirduebana, badeplassen ved øyravatnet og bygdehusa i Flokeneset og på Høgda som i hovudsak vert drifta og bygd på dugnad. Vi har ein onsdagskafè med tilhøyrande serviceskyss der ulike lag legg ned eit flott arbeid.

Årets Førdefjording er Steinar Bråstad. Han har i ei årrekkje vore pådrivar i store prosjekt i bygda. Kvammen Båthamn, Allaktivitetshuset og bustadene til Stiftinga Høgdatun er døme på kvar han har vore, og er, engasjert. Med entusiasme, smittande humør og fagleg tyngde har han drive fram ein god dugnadsgjeng i dei ulike prosjekta. Han har sikkert innimellom vore lei, det kan det hende Anne Karin har vore også. Men når ein ser resultata i dei ulike prosjekta så er det ikkje tvil om at desse på kvar sin måte har gjort Førdefjorden til ein betre stad å bu.

Som årets Førdefjording mottok Steinar eit bilete teikna av Venke Nordeide. ” Din kreativitet set spor” var teksten på bildet, ei treffande beskriving av prisvinnaren!

(Sist oppdatert 10.april 2012, 10:28)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel