Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2ebd_2.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Førdefjorden Vel - Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane 2008.

SAMANDRAG

Framdrifta for dei fleste prosjekta har i høve planen vore god. Det har vore stor vilje til dugnad i bygda, i tillegg til at bygdeutviklingsmidlane har vore brekkstang for å komme i gang med nokre av prosjekta.


GJENNOMFØRING

- Badeplassen ved Øyravatnet.
Førdefjorden Vel og Rørvik lag for funksjonshemma har hatt synfaring på området og konkludert med at avkøyrsle frå riksvegen må flyttast. Søknad er sendt til Vegvesentet. I tillegg er avtale med grunneigar klar til tinglysing. Prosjektet er prioritert i kommunen sin plan for idrett og friluftsliv, og det vil bli søkt om tippemidlar i 2009. Prosjektet fekk i tillegg løyvd kr. 75000 frå Gjensidigestiftelsen ved førre søknadsomgang og har fått midlar frå andre lag tilslutta Norsk Handikappforbund



- Småbåthamn

Det er stifta båtlag som har ansvar for det vidare arbeidet. Båtlaget har sendt ut skriv for å lodde interesse for kjøp og leige av båtplassar. Det har meldt seg nok interessentar til at prosjektet vert starta opp i 2009. Båtplassane er sjølvfinansierte, medan kai og området rundt skal finansierast med andre midlar og dugnad. Det vart løyvd kr. 100.000 i BU midlar til dette prosjektet i 2008.


- Parkeringsplass ved gravplassen

Parkeringsplassane er tatt med i kyrkjelydutvalets prioritering, og kommunen sitt budsjett med tanke på oppstart i 2009. Grunnlaget for denne prioriteringa er at Velforeininga går inn med midlar og dugnadsinnsats verd kr. 35.000 og opparbeider 9 parkeringsplassar i tillegg, under føresetnad at dei opphavlege planane vert gjennomført .


- Allhuset på Høgda

Dette prosjektet vart fullført i 2007. I tillegg har Allhuset fått kr. 140.000 frå Gjensidigestiftelsen som gjer til at det vidare arbeidet med å gjere ferdig huset er i gang. Svært mykje dugdad på dette prosjektet!


- Rydding langs riksvegen

Det har ikkje vore framdrift i dette prosjektet i 2008, det er planar om oppstart våren 2009. Det er løyvd SMIL-midlar til prosjektet


- Nettstad

Ved hjelp av BU-midlar har vi fått ein lokal nettstad, fordefjorden.no.


- Orgel til Flokenes Grendahus

Det vart kjøpt orgel til grendahuset i 2008, finansiering ved hjelp av BU-midlar


I tillegg utfordra velforeininga kommunen til å selje dei kommunale tomtene på Høgda for ei krone i BU perioden. Dette vart vedteke både her i området og på dei andre kommunale tomtene i kommunen. Det er foreløpig seld 2 tomter her i området.


MÅLOPPNÅING

Det gjenstår framleis mykje arbeid på mange prosjekt. Hovudutfordringa er finansiering, dette gjeld spesielt Småbåthamna og Allhuset. I samband med søknaden til Velforeininga om å bli tatt opp som BU bygd var det ikkje nemnd ferdigstilling av Allhuset. Dette prosjektet er no så godt i gang at vi ser det som realistisk å få huset ferdigstilt innan 2 år så sant ein får i stand finansiering.


RESSURSDISPONERING

Årleg løyving frå kommunen og fylkesmannen i 2007 og 2008 er til saman kr. 160.000
Brukt i samband med BU-prosjekt – kr. 88.000.
I tillegg er det avsett midlar til parkeringsplass ved gravplassen i Gjelsvik.


VIKTIGE ERFARINGAR

Vi ser at det er først etter 2 år som BU-bygd at prosjekta skyt fart. Det går på finansiering, i tillegg til at det i tidleg fase er mykje planlegging og organisering. Det har alltid vore stor dugnadsvilje her i bygda, men vi ser tendensar til at folk går lei i ein periode der vi har mange større prosjekt på gang. Då er det viktig med ekstern finansiering, frå kommune, BU-midlar, Gjensidigestiftelsen og liknande, så ikkje all inntekt må komme frå basar og kakelotteri… Vi ser at det skaper glød og ekstra innsats når prosjekt vert fullført.


VEGEN VIDARE

Hovudmålsetjinga til Velforeininga i BU perioden er å auke busetting og fremje bulyst i bygda. Vi ser desse prosjekta som viktige for at vi skal vere attraktive i høve tilflyttarar, og dei er eit tillegg til basisbehov som skule, barnehage, mobildekning, breiband og liknande. Vi håper å kunne konkludere i etterkant av BU perioden med at dette var viktig!



(Sist oppdatert 26.februar 2009, 09:26)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel